Informasjon
Torsviga-genseren er ein florlett raglangenser strikka i Dale Kidsilk Erle. Genseren blir strikka ovanfrå og ned med vide 3/4-erme og eit enkelt, tidlaust stripemønster. Genseren på bilda er strikka i størrelse M og veg berre 92 gram. Oppskrifta finst i ni størrelsar.
Den luftige mohairblandinga gjer genseren nesten vektlaus, samstundes som han gir god varme. Raglanaukingane har eit dekorativt holmønster som framhevar den enkle konstruksjonen, medan dei breie ermene og den vide halsen gir eit lett og elegant uttrykk. Genseren passar like godt over ein kjole som til jeans eller shorts.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 95 (100) 105 (110) 120 (123) 126 (130) 135 cm
Heil lengde: 50 (51) 52 (53) 54 (55) 56 (57) 58 cm eller valfri lengde
Ermelengde: 29 cm
Halsomkrets: 60 (62) 65 (67) 70 (70) 70 (70) 72 cm
Strikkefastheit
16 masker på pinne nr. 5 = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 og 5 og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.
Garnmengde
Farge 0020 Ubleket hvit, 50 g
Farge 9041 Denim, 50 g
Farge 9074 Mintgrønn, 50 (50) 50 (50) 100 (100) 100 (100) 100 g
Alternativt garn: DROPS kid-silk, Rauma Plum, Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Viking kidsilk, Kremke silky kid
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.