Informasjon
Torvefjorden-genser er ein klassisk raglangenser med små fletter, strikka ovanfrå og ned i dobbel tråd Dale Kidsilk Erle. Strikkepakka inneheld digital oppskrift og garn til den valde størrelsen.
Det gjennomgåande flettemønsteret gir genseren eit elegant og tidlaust uttrykk. Den mjuke blandinga av mohair, silke og ull skaper ein lett, varm og behageleg genser som passar like godt til kvardags som til meir pynta høve. Ved hjelp av garnveljaren kan du velje din eigen favorittfarge.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 84 (88) 92 (96) 100 (104) 108 (112) 116 cm
Heil lengde: 59 (60) 61 (62) 64 (65) 66 (68) 69 cm
Ermelengde: ca 41 (45) 45 (45) 45 (45) 45 (49) 49 cm
Halsomkrets: 44 (48) 48 (48) 52 (52) 52 (56) 56 cm
Strikkefastheit
20 masker med flettemønster på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
20 omgangar i høgde = 10 cm
PS! Genseren verkar ikkje så stram som strikkefastheita tilseier, sidan flettemønsteret gjer at arbeidet vider seg ut i breidda ved bruk.
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.
Farge 3502 Lys grå 5 (5) 6 (6) 6 (7) 7 (8) 8
Strikk med 2 trådar saman.