Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Tresse-genser, kort emne (strikkepakke)

786,-

Størrelser

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Tresse-genser er ein lett og elegant raglangenser med halvlange erme, strikka ovanfrå og ned i dobbel tråd Dale Kidsilk Erle. Strikkepakka inneheld digital oppskrift og garn til den valde størrelsen.

Den mjuke mohairblandinga gir eit lett og luksuriøst plagg, medan flettene i vrangbordane ved hals, erme og bol gir genseren eit eksklusivt preg. Dei halvlange ermene gjer han perfekt til vår, sommar og tidleg haust, men han fungerer også flott under ein jakke resten av året. Ved hjelp av garnveljaren kan du velje din eigen favorittfarge.

Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.

 

Størrelsar

XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL

 

Mål på plagget

Overvidde: 89 (94) 99 (104) 108 (113) 118 (122) 127 cm

Heil lengde: 56 (58) 60 (62) 63 (64) 65 (66) 67 cm eller valfri lengde

Ermelengde: 23 cm

Halsomkrets: 56 (59) 59 (59) 62 (62) 62 (65) 65 cm

 

Strikkefastheit

17 masker på pinne nr. 4,5 = 10 cm

24 omgangar i høgde = 10 cm

 

Pinnar

Strømpepinne nr. 3,5 og 4,5 og rundpinnar 40 og 80 cm

 

Garn og garnmengde

Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.

Farge 9082 Klarrød 4 (4) 4 (5) 5 (5) 6 (6) 7

Strikk med 2 trådar saman.

 

OVANFRÅ OG NED

Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed