Informasjon
Tresse-genser er ein lett og elegant raglangenser med lange erme, strikka ovanfrå og ned i dobbel tråd Dale Kidsilk Erle. Dei dekorative flettene i vrangbordane ved hals, erme og bol gir eit raffinert uttrykk, medan resten av genseren blir strikka i enkel glattstrikk. Oppskrifta finst i ni størrelsar, og genseren på bildet er i størrelse S.
Den mjuke blandinga av mohair, silke og ull skaper ein lett, varm og luftig genser med eit vakkert fall. Dei lange ermene og det tidlause designet gjer genseren perfekt til kjølege dagar gjennom store delar av året. Han passar like godt til jeans som til skjørt eller kjole. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og enkle fletter.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 89 (94) 99 (104) 108 (113) 118 (122) 127 cm
Heil lengde: 56 (58) 60 (62) 63 (64) 65 (66) 67 cm eller valfri lengde
Ermelengde: 43 (44) 45 (46) 47 (48) 49 (49) 50 cm
Halsomkrets: 56 (59) 59 (59) 62 (62) 62 (65) 65 cm
Strikkefastheit
17 masker på pinne nr. 4,5 = 10 cm
24 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3,5 og 4,5 og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.
Farge 9044 Pink flamingo 5 (5) 6 (6) 6 (7) 7 (8) 8
Strikk med 2 trådar saman.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.