Informasjon
Tresse-genser er ein handstrikka raglangenser med lange erme i dobbel tråd Dale Kidsilk Erle. Den enkle glattstrikken blir kombinert med elegante flettedetaljar i vrangbordane, noko som gir genseren eit klassisk og tidlaust uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Den mjuke blandinga av mohair, silke og ull gjer plagget lett, varmt og behageleg å ha på. Dei lange ermene gjer genseren perfekt til kjølege dagar, og han passar like godt til jeans som til skjørt eller kjole. Fargen er Pink flamingo.
Størrelse S
Mål på plagget
Overvidde: 99 cm
Heil lengde: ca 63 cm
Ermelengde: 45 cm
Halsomkrets: 59 cm