Informasjon
Ur-genser er ein handstrikka genser i Du Store Alpakka Sterk og DROPS Kid-Silk med rundfelling og eit detaljrikt mønster i seks fargar. Dei dekorative mønsterbordene gir genseren eit klassisk nordisk uttrykk, medan den mjuke overflata tilfører eit eksklusivt preg.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Blandinga av alpakka, merinoull, nylon, mohair og silke gir ein varm, mjuk og slitesterk genser som eignar seg godt til haustturar, kalde vinterdagar og rolege helger på hytta.
Genseren kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 92 (96) 100 (104) 108 (113) cm
Heil lengde: 60 (62) 64 (65) 67 (68) cm
Ermelengde: 43 (44) 45 (46) 47 (47) cm
Halsomkrets: 40 (42) 45 (45 ) 46 (47) cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 ½ og rundpinne nr. 4 ½ 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Du Store Alpakka (DSA) STERK, 40 % alpakka, 40 % merinoull, 20 % nylon, løpelengde pr. nøste 50 gram = 137 meter
DROPS Kid-Silk, 75% super kid mohair, 25% silke, løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter
Desse skal bli strikka saman.
Du Store Alpakka (DSA) STERK
806 Natur 250 (300) 350 (350) 350 (400) g
914 Gul, 50 g
807 Koks melert, 50 g
822 Grå melert, 50 g
865 Denim, 50 g
823 Lys brun melert, 50 g
DROPS Kid-Silk
01 Natur, 75 g
52 Lemonade, 25 g
44 Måneskinn, 25 g
10 Grå, 25 g
39 Stormblå, 25 g
12 Beige, 25 g