Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Urviga-genser - Ferdigstrikka

1.875,-

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Urviga-genser er ein handstrikka genser i Dale Kidsilk Erle og Dale Bling effektgarn med vid hals, halvlange erme og dekorativt holmønster i raglanen. Det lette skimmeret gir genseren eit elegant og eksklusivt uttrykk.

Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Den luftige blandinga av mohair, silke og ull saman med den fine glittertråden skaper eit lett og behageleg plagg som eignar seg perfekt til festlege høve, sommarselskap eller når du ønskjer å kle deg litt ekstra fint.

Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer ein annan farge eller har spørsmål om leveringstid.

Størrelsar

XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL

 

Mål på plagget

Overvidde: 95 (100) 105 (110) 120 (123) 126 (130) 135 cm

Heil lengde: 56 (58) 60 (62) 63 (64) 65 (66) 67 cm eller valfri lengde

Ermelengde: 22 cm  

Halsomkrets: 62 (64) 67 (69) 71 (71) 71 (71) 73 cm

 

Strikkefastheit

16 masker på pinne nr. 4,5 = 10 cm

24 omgangar i høgde = 10 cm

 

Pinnar

Strømpepinne nr. 3,5 og 4,5 og rundpinnar 40 og 80 cm

Garn

Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.

Dale Bling, 100 % polyester. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 350 meter

Strikk med 2 trådar saman. Når du strikkar med Dale Bling, strikkar du med 2 trådar Dale Kidsilk Erle også = 3 trådar.

 

Garnmengde

Farge 0020 Ubleket hvit, 50 g

Farge 2621 Beige, 50 (50) 50 (100) 100 (100) 100 (100) 100

Farge 3502 Lys grå, 100 g

 

Alternativt garn: DROPS Kid-Silk, Rauma Plum, Viking kidsilk, Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Kremke silky kid

 

 

OVANFRÅ OG NED

Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.

Om garnmengde og fargeinndeling:
Genseren på bildet er strikka i størrelse XS og vekta er ca. 175 gram. For størrelse M og oppover er 5 nøste Dale Kidsilk Erle á 50 gram nok, uavhengig av lengde og fargeinndeling.

Dette er ein perfekt genser til restegarn, og det er ikkje så nøye kor mange centimeter kvar farge utgjer. Du kan gjerne bruke det garnet du har, og avslutte bol og erme med dei fargane det er mest att av. Fargevala i oppskrifta er berre rettleiande og baserte på eksempelet over.

Produsent

House of Yarn

House of Yarn er en av Norges største leverandører av garn, strikkedesign og tilbehør. De står bak flere kjente garnmerker, inkludert Dale Garn, Du Store Alpakka, Gjestal Garn og Camilla Pihl Garn, og tilbyr et bredt utvalg av kvalitetsgarn til enhver smak og stil.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed