Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Varodden-genser (oppskrift)

89,-

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Varodden-genser er ein florlett genser med vid hals og nydeleg holmønster i raglanen. Genseren blir strikka ovanfrå og ned i DROPS Kid-Silk med halvlange erme, og den ferdige genseren i størrelse S veg berre 67 gram. Oppskrifta finst i ni størrelsar.

Den lette kombinasjonen av super kid mohair og silke gir eit mjukt, svevande plagg med eit elegant fall. Raglanaukingane dannar eit dekorativt holmønster som gir genseren eit raffinert uttrykk utan å vere vanskeleg å strikke. Oppskrifta er dessutan utforma slik at du får best mogleg utnytting av garnet ved å strikke ermene før bolen.

Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.

Størrelsar

XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL

 

Mål på plagget

Overvidde: 97 (102) 106 (111) 115 (120) 125 (129) 133 cm

Heil lengde: 52 (54) 56 (58) 59 (60) 61 (62) 63 cm eller valfri lengde

Ermelengde: 12 cm  

Halsomkrets: 62 (64) 67 (69) 71 (71) 71 (71) 73 cm

 

Strikkefastheit

18 masker på pinne nr. 4 = 10 cm

30 omgangar i høgde = 10 cm

 

Pinnar

Strømpepinne nr. 3 og 4 og rundpinnar 40 og 80 cm

 

Garn og garnmengde

DROPS Kid-Silk, 75 % super kid mohair, 25 % silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.

 

Farge 32 Bringebær, 25 g

Farge 14 Rød, 25 (25) 25 (25) 50 (50) 50 (50) 50

Farge 54 Lys sand, 25 g

 

Alternativt garn: Rauma Plum, Viking kidsilk, Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Dale kidsilk Erle, Kremke silky kid

 

 

OVANFRÅ OG NED

Du begynner med halsen og strikkar raglan. Når raglanen er ferdig, deler du arbeidet i erme og bol.

I denne oppskrifta løner det seg å bytte rekkjefølgje og strikke ermene før bolen, slik at du får utnytta garnet i farge 32 best mogleg:
Då kan du bruke eitt nøste i farge 32 til begge ermene, og resten av garnet i denne fargen til bolen. Slik får du mest mogleg ut av garnet – og unngår å gå tom før erma er ferdig.

Produsent

DROPS

DROPS Garn er en av Europas største leverandører av kvalitetsgarn til strikking og hekling. Med et bredt utvalg av naturlige fibre som ull, alpakka, bomull og lin, tilbyr de garn i høy kvalitet til konkurransedyktige priser.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed