Informasjon
Varodden-genser er ein handstrikka genser i DROPS Kid-Silk med vid hals, halvlange erme og dekorativt holmønster i raglanen. Det florlette uttrykket og den luftige kvaliteten gjer dette til eit plagg som kjennest nesten vektlaust.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Blandinga av super kid mohair og silke gir eit mjukt, luksuriøst plagg som eignar seg like godt til festlege høve som til kvardags når du ønskjer noko ekstra lett og elegant.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer ein annan farge eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 97 (102) 106 (111) 115 (120) 125 (129) 133 cm
Heil lengde: 52 (54) 56 (58) 59 (60) 61 (62) 63 cm eller valfri lengde
Ermelengde: 12 cm
Halsomkrets: 62 (64) 67 (69) 71 (71) 71 (71) 73 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 = 10 cm
30 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 og 4 og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
DROPS Kid-Silk, 75 % super kid mohair, 25 % silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.
Farge 32 Bringebær, 25 g
Farge 14 Rød, 25 (25) 25 (25) 50 (50) 50 (50) 50
Farge 54 Lys sand, 25 g
Alternativt garn: Rauma Plum, Viking kidsilk, Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Dale kidsilk Erle, Kremke silky kid
OVANFRÅ OG NED
Du begynner med halsen og strikkar raglan. Når raglanen er ferdig, deler du arbeidet i erme og bol.
I denne oppskrifta løner det seg å bytte rekkjefølgje og strikke ermene før bolen, slik at du får utnytta garnet i farge 32 best mogleg:
Då kan du bruke eitt nøste i farge 32 til begge ermene, og resten av garnet i denne fargen til bolen. Slik får du mest mogleg ut av garnet – og unngår å gå tom før erma er ferdig.