Informasjon
Voie-genser er ein chunky raglangenser strikka i Lieve Mondial med eit enkelt mønster og I-cord-kant i halsen. Genseren blir strikka nedanfrå og opp. Oppskrifta finst i størrelsane XS til XXL, og genseren på bildet er i størrelse S.
Den mjuke kid mohairen gir eit lett, luftig og eksklusivt plagg med eit moderne uttrykk. Det enkle mønsteret framhevar dei vakre fargeovergangane, og genseren eignar seg godt både til kvardags og når du ønskjer eit fargerikt plagg som skil seg ut. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 98 (105) 113 (120) 128 (135) cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 68 (70) cm
Ermelengde: 42 (44) 45 (46) 47 (48) cm
Halsomkrets: 48 (50) 50 (55) 55 (55) cm
Strikkefastheit
16 m x 20 pinnar på pinne 5 mm = 10 x 10 cm
Merk: Pinnestørrelsen er ein rettleiar. Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinnestørrelse. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinnestørrelse.
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne nr. 5 (40 cm og 80 cm)
Garn og garnmengde
Lieve Mondial, 90 % kid mohair, 10 % mikrofiber, løpelengde pr. nøste 50 gram = 140 m
426 Natur, 150 (150) 150 (200) 200 (200) g
77 Cerise 50, (50) 100 (100) 100 (100) g
74 Lys beige, 50 g
337 Gammelrosa, 50 g
398 Rosa, 50 g
Bella by Permin og Sandnes chunky ballerina er alternative garn.