Informasjon
Wynn-genser er ein handstrikka raglangenser i to trådar DROPS Kid Silk. Den mjuke kvaliteten, dei elegante raglanlinjene og hullmønsteret på erma gir genseren eit lett og raffinert uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Den luftige mohairen gjer genseren varm utan å kjennast tung. Wynn-genser eignar seg like godt til kontoret som til selskap, restaurantbesøk eller andre høve der du ønskjer eit elegant og tidlaust plagg.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer ein annan farge eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 88 (92) 96 (100) 104 (108) 112 (116) 120 cm
Heil lengde: 59 (60) 61 (62) 64 (65) 66 (67) 68 cm
Ermelengde: 41 (42) 44 (44) 46 (46) 47 (47) 48 cm
Halsomkrets: 44 (46) 46 (46) 48 (49) 50 (50) 50 cm
Strikkefastheit
20 masker på pinne nr. 3 ½ = 10 cm
30 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar Strømpepinne nr. 3 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
DROPS Kid-Silk, 75% super kid mohair, 25% silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.
Strikk med 2 trådar.
Garnmengde
Farge 03 lys rosa, 225 (225) 250 (250) 250 (275) 275 (300) 300 g