Informasjon
Wynn-genser er ein elegant raglangenser med eit dekorativt hullmønster på erma. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med to trådar DROPS Kid Silk. Oppskrifta finst i ni storleikar frå XXS til 4XL, og genseren på bildet er i størrelse M.
Den luftige mohairen gir eit lett og mjukt plagg med eit feminint uttrykk. Det enkle designet blir løfta av det vakre hullmønsteret på erma og den fine raglanfellinga. Wynn-genser passar like godt til kontoret som til middag med venner eller over ein kjole på kjølege sommarkveldar. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling og enkle hullmønster.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 88 (92) 96 (100) 104 (108) 112 (116) 120 cm
Heil lengde: 59 (60) 61 (62) 64 (65) 66 (67) 68 cm
Ermelengde: 41 (42) 44 (44) 46 (46) 47 (47) 48 cm
Halsomkrets: 44 (46) 46 (46) 48 (49) 50 (50) 50 cm
Strikkefastheit
20 masker på pinne nr. 3 ½ = 10 cm
30 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar Strømpepinne nr. 3 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
DROPS Kid-Silk, 75% super kid mohair, 25% silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.
Strikk med 2 trådar.
Garnmengde
Farge 03 lys rosa, 225 (225) 250 (250) 250 (275) 275 (300) 300 g