Informasjon
Chunky Bjarkan-genser er ein varm og moderne raglangenser med inspirasjon frå norrøn kultur. Namnet kjem frå Bjarkan, ei av runene i den eldre futharken, og designet kombinerer tradisjonell nordisk mønsterstrikk med eit fyldigare og meir moderne uttrykk. Genseren passar like godt til kvardags som på hytta, på tur eller kalde vinterdagar. Han finst også i ein standardvariant.
Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglanfelling i éin tråd Rauma Finull og éin tråd DROPS Kid-Silk haldne saman. Kombinasjonen av norsk ull, mohair og silke gir ein mjuk, lett og varm genser med flott struktur. Oppskrifta passar best for strikkarar med litt erfaring i fleirfargestrikk og raglanfelling.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Mål på plagget
Overvidde: 97 (106) 114 (123) 131 (140) cm
Heil lengde: 56 (58) 60 (61) 64 (65) cm
Ermelengde 42 (44) 46 (46) 47 (47) cm
Halsomkrets: 46 ½ (50 ½) 52 ½ (54 ½) 54 ½ (54 ½) cm
Strikkefastheit
19 m x 24 p glattstrikk på p nr. 4 ½ mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne nr. 3 ½ (40 cm) og rundpinne nr. 4 ½ (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
DROPS Kid-Silk, 75 % super kid mohair, 25 % silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.
Sandnes Tynn Silk Mohair, 57 % mohair, 28 % silke, 15 % ull, løpelengde pr. nøste 25 gram = 212 meter
Rauma finull
4127 Petrol mørkmelert, 200 (250) 300 (300) 350 (350) g
0401 Natur, 100 g
DROPS Kid-Silk
01 Natur, 25 (50) 50 (50) 50 (50) g
24 Petrol, 100 (100) 125 (125) 125 (125) g
Alternativt garn: Rauma Plum, Viking kidsilk, Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Dale kidsilk Erle, Kremke silky kid