Informasjon
Jor-genser er ein fargerik raglangenser strikka nedanfrå og opp i fem fargar med Hillesvåg Varde og Vidde. Oppskrifta finst i 7 størrelsar frå XS til 3XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse M. Jor er namnet på ei av dei norrøne runene.
Det fargerike mønsteret gir genseren eit livleg og tidlaust uttrykk inspirert av nordiske strikketradisjonar. Hillesvåg Varde og Vidde er reine norske ullgarn som gir eit varmt, slitesterkt og formstabilt plagg med vakker struktur. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 94 (100) 107 (113) 120 (126) 133 cm
Heil lengde: 59 (61) 63 (65) 67 (68) cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 cm
Hals: 47 (49) 49 (51) 51 (53) 55 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar nr. 3 ½ og 4 ½ 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Hillesvåg Varde, norsk pelsullgarn, 100% rein ull, løpelengde pr. nøste 100 gram = ca 200 meter
Hillesvåg Vidde, norsk lamullgarn, 100% norsk ull, løpelengde pr. nøste 100 gram = ca 200 meter
Varde
Farge 2109 svart, 200 g
Vidde
Farge 321 naturgrå, 300 (300) 300 (400) 400 (400) g
Farge 335 oransje, 100 g
Farge 303 lys turkis, 100 g
Farge 330 kobber, 100 g