Informasjon
Krabbegenser er ein klassisk genser med rundfelling strikka i Viking Alpaca Storm. Genseren blir strikka nedanfrå og opp og finst i 7 størrelsar frå XS til XXXL. Genseren på bilda er strikka i størrelse XL (og litt vel stor for krabbefiskaren her…)
Det maritime krabbemønsteret går att på bol, erme og berestykke og gir genseren eit tidlaust uttrykk inspirert av kystlivet. Viking Alpaca Storm består av 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylon, noko som gir ein mjuk, varm og slitesterk genser. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i rundfelling og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL) XXXL
Mål på plagget
Overvidde: 84 (92) 100 (107) 114 (122) 130 cm
Heil lengde: 56 (58) 60 (63) 65 (66) 68 cm
Ermelengde: 41 (44) 46 (46) 47 (47) 48 cm
Strikkefastheit
21 m x 27 p glattstrikk på p 4 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 ½ og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Storm, 50 g, 40 alpakka superfine, 40 5 merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde 133 m
Farge 502 natur, 350 (400) 450 (450) 450 (500) 500 g
Farge 555 brunrød, 50 (50) 50 (50) 100 (100) 100 g
Farge 527 jeansblå, 50 g