Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Kamskjell-genser - Ferdigstrikka

1.835,-

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Kamskjellgenser er ein handstrikka oversized genser med eit elegant kamskjellmønster rundt bolen. Strikka i Viking Alpaca Bris blir genseren mjuk, lett og varm, med eit tidlaust uttrykk inspirert av havet.

Kvar Kamskjellgenser blir handstrikka på bestilling i Viking Alpaca Bris. Den luftige alpakkablandinga gir eit lett og komfortabelt plagg som eignar seg godt gjennom store delar av året.

Kamskjellgenser kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.

Størrelsar

XXS (XS) S (M) L (XL)

 

Mål på plagget

Overvidde: 88 (100) 113 (125) 138 (150) cm

Heil lengde: 58 (60) 61 (63) 65 (68) cm   

Ermelengde: 41 (43) 45 (46) 47 (48) cm

Hals: 50 (50) 50 (55) 55 (60) cm

 

Strikkefastheit

16 masker på pinne nr. 6 = 10 cm

19 omgangar i høgde = 10 cm

 

OBS! Pinnestørrelsen er berre rettleiande.

Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.

 

Pinnar  

Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm

 

Garn

Viking Alpaca Bris, 60% baby alpaca, 11% merinoull, 29% nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter

Alternativt garn til Viking Alpaca Bris er DROPS Air.

 

Garnmengde

Farge 307 beige, 300 (350) 350 (400) 400 (400) 450 g

Farge 308 brun, 50 g

 

NEDANFRÅ OG OPP

Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.

 

OVANFRÅ OG NED

Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.

Produsent

Viking garn

Viking Garn er en norsk garnprodusent kjent for sine høykvalitets garnprodukter laget av ull, alpakka og andre naturfibre. De tilbyr et bredt utvalg av garn til både håndstrikk og maskinstrikk, med fokus på bærekraft og innovasjon.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed