Informasjon
Manneidgenser er ein fantastisk mjuk og fargerik genser strikka i Viking Alpaca Bris og Viking Alpaca Bris Multi. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglanfelling. Oppskrifta finst i 7 størrelsar, og modellen på bilda har på seg størrelse M. Manneid er eit sørlandsk dialektord for manet.
Mønsteret er inspirert av dei mjuke rørslene og fargane til maneter i sjøen. Dei bølgjande bordane og dei stiliserte manetmotiva skaper eit levande uttrykk, medan Viking Alpaca Bris og Multi gir ein lett, lun og særs mjuk genser. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanstrikk og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) XXL
Mål på plagget
Overvidde: 80 (88) 95 (104) 112 (120) 128 cm
Heil lengde: 59 (61) 62 (64) 67 (69) 71 cm
Ermelengde: 40 (42) 44 (46) 47 (48) 49 cm
Strikkefastheit
17,5 m på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 60% Baby Alpakka, 11% Merinoull, 29% Nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Viking Alpaca Bris Multi, 42 % babyalpakka, 33% merino, 25% nylon. Løpelengde pr. nøste 100 gram = 270 meter
Garnmengde
Viking Alpaca Bris
farge 300 hvit, 200 (200) 200 (200) 200 (250) 250 g
Viking Alpaca Bris Multi,
farge 322 blå multi, 200 (200) 200 (200) 300 (300) 300 g