Informasjon
Perthro-genser er strikka i Rauma VAMS. Genseren er strikka med raglan nedanfrå og opp i fem fargar. Oppskrifta finst i 7 størrelsar frå XS til 3XL, og genseren på bilda er i størrelse M og litt for stor for modellen her...
Perthro er namnet på ei av dei norrøne runene. Mønsteret kombinerer tradisjonelle nordiske former med eit moderne uttrykk. Rauma VAMS er eit mjukt og slitesterkt garn i 100 % norsk ull som gir ein varm og robust genser. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 86 (95) 103 (111) 120 (129) 137 cm
Heil lengde: 59 (61) 63 (65) 67 (69) 71 cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 cm
Halsomkrets: 50 (52) 52 (56) 56 (57) 57 cm
Strikkefastheit
14 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
18 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 60 cm
Garn og garnmengde
Rauma VAMS, 100 % norsk ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 83 meter
Farge 416 mørk brun, 350 (400) 400 (400) 450 (450) 500 g
Farge 01 natur, 50 g
Farge 405 petrol melert, 50 g
Farge 46, sennepsgul, 50 g
Farge 308 nude melert, 50 g