Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Ferdigstrikk

Ferdigstrikka plagg for deg som ønskjer kvalitetshandverk utan å strikke sjølv. Kvart plagg blir strikka for hand i kvalitetsgarn og laga for å vare i mange år. Dei fleste modellane kan bestillast i andre fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller ønskjer tilpassingar.

Viser 65 til 80 (av 150 produkter)

 

På kva språk finst oppskriftene?
- Oppskriftene frå Ferdigstrikka er tilgjengelege på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
 

Kva får eg når eg kjøper ei oppskrift?
- Oppskriftene blir leverte digitalt som PDF-filer og kan lastast ned etter kjøp. 
 

Er oppskriftene eigna for nybegynnarar?
- Vanskegraden varierer frå oppskrift til oppskrift. I produktbeskrivinga finn du informasjon om teknikkar og kva forkunnskapar som kan vere nyttige.
 

Kva gjer eg dersom eg treng hjelp med oppskrifta?
- Dersom du oppdagar feil eller har spørsmål om oppskrifta, er du velkomen til å ta kontakt. Eg hjelper gjerne så langt det let seg gjere.
 

Kan eg gi ei oppskrift i gåve?
- Ja. Dei digitale oppskriftene kan kjøpast som gåve. Ver merksam på at oppskrifta er til personleg bruk og ikkje kan delast vidare til andre.
 

Kva er forskjellen på ei oppskrift og ei strikkepakke?
- Ei oppskrift inneheld berre sjølve mønsteret. Ei strikkepakke inneheld både oppskrift og garn til prosjektet.
 

Er strikkepinnar inkluderte i strikkepakkane?
- Nei, strikkepinnar er ikkje inkluderte.
 

Kan eg velje andre fargar?
- Ja. Mange av strikkepakkane frå Ferdigstrikka kan tilpassast med andre fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ved hjelp av garnveljaren kan du setje saman dine eigne fargekombinasjonar og sjå kva garn som passar til oppskrifta.
 

Kan eg bruke eit anna garn enn det som er oppgitt i oppskrifta?
- Ja. Mange av oppskriftene frå Ferdigstrikka kan strikkast i andre garnkvalitetar enn dei som er oppgitt i oppskrifta, så lenge strikkefastheita stemmer. I fleire av oppskriftene er det også oppgitt alternative garnkvalitetar. 
 

Kan ferdigstrikka plagg bestillast i andre fargar?
- Ja, mange av modellane kan bestillast i andre fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer tilpassingar.
 

Kor lang leveringstid er det på ferdigstrikka plagg?
- Vanleg leveringstid er 2–3 veker. Leveringstida kan variere noko etter modell, sesong og arbeidsmengde. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer informasjon om leveringstid for eit bestemt plagg.
 

Kan eg vaske handstrikka plagg i vaskemaskin?
- Følg alltid vaskeanvisinga for garnet som er brukt. Mange ullplagg bør vaskast på ullprogram eller for hand.
 

Sender de til utlandet?
- Ja, dei digitale oppskriftene frå Ferdigstrikka er tilgjengelege for kundar over heile verda. Garn, strikkepakkar og ferdigstrikka plagg blir for tida berre sende innan Noreg.
 

Kan eg selje plagg strikka etter oppskriftene?
- Oppskriftene er til privat bruk. Ta kontakt dersom du ønskjer å selje plagg strikka etter designa.
 

Korleis kontaktar eg Ferdigstrikka?
- Du kan kontakte oss via kontaktskjemaet på nettsida eller sende e-post til post@ferdigstrikka.no.